tirsdag 15. april 2008

Gje meg handa di

Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i myrkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
.
Tekst: Sondre Bratland (Irsk melodi fra 1600-tallet)
.
En av de fineste sangene eg vet.

2 kommentarer:

FO - 2 sa...

Ja, den er vakker! :)
Det er bildet ditt og.
Fin tirsdagskveld til deg og takk for hyggelig visitt hos meg. :)

Marie sa...

Eg har ei venninne som har ME. Ho har to små barn og ein mann som pendlar og som berre er heime annankvar helg. Ho får heldigvis ganske god hjelp med barna.

Sangen du har gjengitt her er ein av dei finaste eg veit om også. Og så likar eg veldig godt Leve i stunda.

Ha ein fin onsdag :)